Opa Verdsarvutstilling og Gallery

Frå deler av den nye Verdsarvutstillinga.

Ved Peer Gynt Galleriet, Hellesylt er opplevingar og kunst i verdensklasse stilt ut. Der blir det ope for innsyn dei to neste helgane før dagleg ope frå 24. juni og ut august.

Peer Gynt Galleriet på Hellesylt opna ei ny Verdsarvutstilling i mai til temaet «Med naturen som inspirasjon». Det er designar Anne Jorun Sæten som har utforma eit fantastisk produkt i tekst og bilete med utgangspunkt i natur og personar frå Sunnylven.

Utstillinga fyller rommet som tidlegare var vestibyle, og i tillegg er deler av kaféen med, der det også blir sal av enkle rettar og Verdsarvprodukt når galleriet opnar for sesongen. Her pryder eit stort naturbilete eine veggen, og kaféborda har fått motiv med sitat frå kjente personar. Den sjeldne og flotte Verdsarvutstillinga er avgjort verd eit besøk og blir opa dei komande helgane. (Sjå kalendar; Kva skjer på Hellesylt)

Frå kafeen.

Peer Gynt Relieff

I galleriet står ei stor samling Peer Gynt-relieff på rekke og rad.

Verdt eit besøk er sjølvsagt også dei flotte trerelieffa i same bygget og som kunstnaren Oddvin Parr har skore ut. Det er kunst i verdensklasse som no er supplert med eit nytt treskurdbilete etter Oddvin Parr. Ikkje frå Per Gynt, men frå Norrøn mytologi og som Parr gav namnet Yggdrasil. Eit vel to meter høgt relieff der kunstnaren har late historia og fantasien få spele fritt i utforminga der folk, fuglar og dyr fyller treet som historia seier vaks heilt inn i himmelen.

Legg turen til Peer Gynt Galleriet på Hellesylt alt komande helg.

På toppen av Yggdrasil har kunstnaren plassert ei ørn, eit symbol på herskarar i verda.

Både Ibsen som besøkte Sunnylven, og bygdebokforfattar P. A. Lillebø har fått sin plass i Verdsarvutstillinga.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380