På Kløvertur med sanitetslaget
Mange deltok på Sunnylven sanitetslag sin Kløvertur onsdag kveld. Ved Nedstevatnet var det rast, servering og trekking av deltakarpremiar.
Norske kvinners sanitetsforeining har god folkehelse som eit av dei viktige satsingsområde. Tiltaket med Kløvertur har som formål å få folk til å trimme, kort eller lag tur.
Onsdag inviterte Sunnylven sanitetslag på Kløvertur etter Flofjellvegen til Nedstevatnet, i eitt av dei fine landskapa i området. Turen samla etter kvart mange av unge og eldre av begge kjønn ved treffpunktet ved Nedstevatnet. Dit kom dei gåande, også med barnevogn og elektrisk rullestol. Ein kort, men fin tur i 20 grader pluss i frodig natur med ei leikande elv og mellom «late» husdyr.
Sanitetslaget hadde enkel servering til alle og det vart trekt ut ti gevinstar mellom dei frammøtte. Gevinstane gjekk til dei yngste denne gongen. Det vart mange besøk på den fyrste trimposten ved Nedstevatnet denne dagen. Nokre var ikkje nøgde med berre tre poeng og heldt fram turen til ny post i Stigholen og nye tre poeng.
Etter god respons på turopplegget blir det kanskje nye Kløverturar med sanitetslaget seinare i år.