Lokalnytt

På Kløvertur med Sanitetslaget

I mai arrangerte Sunnylven sanitetslag Jentebølgja med over 40 unge og eldre deltakarar (biletet) No er det snart Kløvertur. (Foto: Sunnylven sanitetslag)

Norske Kvinners sanitetsforeining jobbar for god folkehelse. Å gå tur er eitt av fleire tiltak foreininga oppmodar til for å nå målet.

Kløvertur er ein av basisaktivitetane til Sanitetskvinnene. Hovudformålet er å få folk i alle aldrar ut på tur og det å gå fleire i lag er ofte den motivasjonen som skal til for at ein gjennomfører turen, kort eller lang.

I Sunnylven er det mange som brukar naturen på helsefremjande måte både sommar som vinter. Kanskje kan vi bli enno fleire, skriv Sunnylven sanitetslag som onsdag 27. juni legg opp til Kløvertur frå parkeringsplassen ved Vollset, fram til Nedstevatnet og tilbake. Det blir fleire uttrekpremiar mellom dei som deltek. Start frå parkeringsplassen er klokka 18.00.

Og ut over hausten blir det fleire organiserte turar i nærmiljøet som blir kunngjort med både oppslag og på hellesylt.info, skriv Sunnylven sanitetslag som ønskjer alle av begge kjønn, unge og eldre velkomne til Kløvertur.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380