Pensjonistar på sommarutflukt
Medlemer i Sunnylven pensjonistlag har vore på sommarutflukt, mellom anna på luftetur til Hoven i Loen.
Foto: Karl Kristian Langeland / Lars Fivelstad
Sunnylven pensjonistlag fylte ein 50-seters buss då dei sist veke la ut på tur til Nordfjord og Loen.
Reisa gjekk først til Loen, til Hoven og Sæten. Deretter attende til Stryn og Panoramavegen til Lote og Nordfjordfjordeid, før kursen vart sett heimover att.
I Loen venta eit av høgdepunkta der det vart gondoltur til Hoven, turistattraksjonen som har hatt stor pågang etter opninga i fjor. På toppen og i strålande ver breidde Nordfjord seg ut med fantastisk utsikt, og på restauranten vart det servering.
På Sæten
Ein opplevingsrik dag for knappe 50 pensjonistar frå Sunnylven vart avrunda med eit besøk innom heimetunet til Rolf Sæten i Lodalen der han og kona Oddbjørg fortalde og viste fram mykje interessant.