Presenterer planane for Basecamp Hotel
Planane for Basecamp Hotel på Hellesylt vil bli presentert på eit folkemøte på Sunnylven samfunnshus torsdag 28. juni. Etter det opne møtet blir det befaring på Grand Hotel for interesserte.
-Vi er nå klare til å presentere Basecamp Hotel planene og tar sikte på å holde orienteringsmøter på Hellesylt torsdag 28. juni, heiter det i ei melding til www.hellesylt.info frå familien Flakk. Bak hotellplanane på Hellesylt står eit familieselskap der Maria Lilly Flakk og Erika June Flakk eig til saman 90 prosent og Knut Flakk 10 prosent av aksjane.
Torsdag 28. juni er det lagt opp til to informasjonsmøter på Hellesylt, fyrst eit lukka møte tidleg på dag der sentrale personer bl.a. fra Stranda Kommune, M&R Fylkeskommune og Vegvesenet vil vere til stedes. Seinare same dag blir det ope folkemøte kl. 16.30 der alle interesserte er invitert til å delta. På dette folkemøtet blir også media til stades. Begge møta blir på Sunnylven samfunnshus med befaring på Grand Hotel i etterkant.
Det foreløpige programmet for folkemøtet er som følger:
16.30 – 16.40 Velkomen
16.40 – 17.10 Basecamp Hotels og utvikling av regionen Knut Flakk
17.10 – 17.30 Basecamp Hotel Hellesylt Margrethe Lund (Snøhetta)
17.30 – 17.40 Ordføraren kommenterer Jan Ove Tryggestad
17.40 – 18.00 Spørsmål og kommentar
18.00 – 18.30 Befaring på Grand Hotel