Sommaravslutning i barnehagen.

Tilsette ved Sunnylven Barnehage og dei tre som skal bli skuleelevar frå 20. august. Frå høgre Ane, Erle og Fredrik.

Onsdag var det sommaravslutning i Sunnylven Barnehage, ei veke før alle i Trollhola tek sommarferie.

Ute under ein skyfri himmel kunne foreldre, besteforeldre og andre slektningar kose seg med kaffi, saft, kaker og pølse med brød, alt etter smak og behag då Sunnylven Barnehage inviterte til årets sommaravslutning. På slutten av den vel timelange samlinga vart det underhaldning av brukarar av barnehagen med fleire kvikke songar. Det gav sjølvsagt stor applaus tilbake.

I år er det tre born som går frå barnehagen og over til skulen til hausten. Fire nye kjem til Sunnylven Barnehage, fortalde styrar Hilde Langlo Brekke til hellesylt.info. I august opnar barnehagen igjen med planleggingsdag for dei tilsette måndag 6. august og borna tysdag 7. august. Etter 27 år som styrar ved Sunnylven Barnehage har Hilde søkt og fått innvilga eitt års permisjon. Ny styrar blir Bodil Tronstad Lie.

Barnehagen i Sunnylven var nybygd i 2003. Det meste er framleis bra både med hus og inventar sjølv om alderen på alt merkast, sa Hilde. Men alt fungerar bra og ho trekkjer fram foreldra som stilte mannsterke på dugnad i vår og gjorde mykje, spesielt på uteområdet.

Frå to jenter og ein gut som blir å finne på Sunnylven skule til hausten takka foreldra dei tilsette for fine år i barnehagen og hadde med roser til kvar. Borna hadde lært mykje og alle var takksame for åra i Sunnylven Barnehage.

Fint ver og stort frammøte under Sunnylven Barnehage si sommaravslutning.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380