Lokalnytt

Sommaravslutning ved Sunnylven skule

Sunnylven skulekorps kan få god rekruttering. Her spelar korpset saman med 15 unge frå KIS.

Torsdag var det sommaravslutning ved Sunnylven skule. Som alltid ei triveleg stund med musikk, sketsjar og utdeling av vitnemål.

Sunnylven er i ferd med i bli musikkbygda på indre Sunnmøre. Tidlegare i sommar under kulturskulen si sommaravslutning kom musikkinnslag på ulike instrument, band og enkeltprestasjonar på rekke og rad. Også under skuleavslutninga var programmet fullt av musikalske innslag som begeistra eit stort frammøte av foreldre og andre.

Markert seg i Veslefrikk

Mellom elevane på skule er fleire komponistar. Sunnylven skule har vore ein stor bidragsytar til musikkonkurransen Veslefrikk dei tre siste åra med fleire komposisjonar. I år kom to av dei til finalen der skulen har hatt fem dei tre siste åra. I fjor gjekk skulen heilt til topps i Veslefrikk med sin komposisjon. Under sommaravslutninga vart alle bidraga i år framført av elevane. Personleg tykte vi best om bidraget til eldste klassene i samspel med skulekorpset.

Nye korpsmusikarar

Også Sunnylven skulekorps sette tone på avslutningsfesten med korpsrytmer frå Brasil og sør-Afrika, i lag med heile 15 nye potensielle musikarar til korpset frå prosjekt Korps i skulen (KIS). Dirigent Trond Otto Berg håpar å sjå igjen mange av dei når øvingane startar opp til hausten.

Frå elevar på scena fekk dei frammøtte også sjå dans, høyra song og sjå eit dramatisert møte mellom store statsledarar, presidentar frå USA og nord-Korea, og etter kvart eit uventa besøk av den russiske statsminister. Mellom programinnslaga fortalde rektor Roar Seljeset frå læringsdagar og utflukter ved skulen.

Ti elevar i finstas tok mot sine avgangsvitnemål under skuleavslutninga torsdag.

Gode ord frå rektor

Høgdepunktet under sommaravslutninga ved Sunnylven skule var utdeling av vitnemål til avgangselevane. I år var ti elevar ferdig med ti år ved skulen. Dei fekk sine vitnemål av lærar Reidun Remme Habostad og rektor Roar Seljeset.

I si helsing til dei ti omtala rektor Seljeset elevane i positive ordelag. Dei hadde vore læreviljuge, det hadde vore ei klasse med godt humør, godt samhald og dei hadde alltid oppført seg på ei høfleg måte i møte med andre. Skulen i lag med foreldre har gjort så godt vi kunne, sa Roar Seljeset og han visste at fagleg hadde alle greidd seg godt. Difor var han sikker på at alle ville bli gode ambassadørar for Sunnylven når dei no skulle vidare ut i verda til større fridom, men meir ansvar.

Foreldre med song

Etter utdeling av vitnemåla fortalde elevane små og morosame historier frå skuledagane i ti år og delte ut raude roser til alle lærarane dei hadde hatt i undervisninga. Dei takka for ti fine og lærerike år ved Sunnylven skule.

Før enkel servering med FAU som vertskap venta ei overrasking. Etter vitnemålutdeling kom foreldre og føresette til avgangselevane med det vi trur var sjølvskriven song med avsløringar frå dagen «du», var liten fram til «masse lukke te». Det var eit nytt og triveleg innslag under sommaravslutning ved Sunnylven skule.

Eit nytt songkor dukka opp, foreldra til avgangselevane.
Elevane framførte fem komposisjonar til Veslefrikk. Her spelar elevar saman med skulekorpset.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380