Sommarkonsert til toppkarakter
Sunnylven skulekorps var arrangør av årets Sommarkonsert med musikalske innslag av elevar frå kulturskulen. Ein fantastisk flott fredagskveld i Sunnylven samfunnshus.
I desse eksamenstider og som sjølvutnemnd sensor på årets Sommarkonsert vågar vi oss på å dele ut toppkarakter for det vi fekk høyre fredag kveld. Det vart ei ny stor oppleving med unge musikarar, både i Sunnylven skulekorps eg elevar frå kulturskulen. Bygda har fleire ti-talls talent som gjennom undervisning blir «finslipa» på sine instrument av dyktige lærekrefter.
Og ein fullsett sal i storstova i Sunnylven let seg imponere av det dei fekk høyre. Handflatene fekk varme seg godt i stadig god applaus, velfortent til alle unge og eldre som stilte og bidrog i song og på ulike instrument.
Prosjekt KIS
Det var Sunnylven skulekorps som opna konserten. Alltid like flott og nesten høgtidsamt å høyre det unge mannskapet utfalde sin musikalitet under dirigent Trond Otto Berg si stødige dirigenthand. Korpset opna med samba-rytme frå Brasil før det vart sør-Afrika og melodien -Stamp. Etter «krav» frå publikum vart det ekstranummer med -Summernights frå Grease.
Og bygda si stoltheit kan få god rekruttering. I Sunnylven skule går prosjekt Korps i skulen (KIS) der elevane får øve på korpsinstrument i skuletida. Fredag kom heile 12 unge musikantar frå 3. og 4. klasse og presenterte kva dei alt hadde lært. Berg håpa han fekk sjå igjen mange av dei til hausten når dei ordinære øvingane starta opp igjen.
Fele og piano
Etter Sunnylven skulekorps var det elevar frå kulturskulen sin tur. Dei var mange. Sina og Sune var fyrst ute og spela på fele med lærar Evgenij Zhukov på piano, Ingeborg spela -The Pet Shop på piano, og på fele spela Ronja Mari Det bor en baker saman med sin lærar Synnøve Hjellbakk Hole.
Trym sette seg på pianokrakken og framførte ein feiande flott boogy-låt, og vi fekk høyre Sofie, Tonje, Kristin og Nikoline på fele og piano i -Love Me Tender og ein melodi frå filmen Titanic.
Konserten heldt fram med Ådne på piano, og med Adrian på same instrument, før Matti imponerte alle med finerleik på tangentane i ein ragtime-melodi.
Svingande frå bandverkstaden
Til slutt kom tre grupper frå band-verkstaden på scena. Fyrst ut var Konrad, Elias, Ida-Susann, Ørjan, Olai, og med musikkskulelærar Erik Torset på gitar. Her var Konrad vokalist i Vassendgutane sin -I Ei 60-sone.
Band to hadde like stort driv i spelet og bestod av Bertine, Johanne, Loke. Her var Johanne songvokalist.
Sist ut var gruppa «Kilt». Dei bør snart vere klare for større oppdrag sjølv om det kan vere nervepirrande nok å opptre for eit heimepublikum. Seks jenter og gutar hadde alle lært seg å bruke sine instrument, også medfødde. Knut Iver på slagverk, Mats elgitar, Espen gitar, Bertine gitar og song, Simen tangentar og Anna Kristin song. Dei fire songane bandet framførte var mellom mange høgdepunkt denne fredagskvelden.
Takk til fleire
Dermed var årets Sommarkonsert slutt. Rektor ved Stranda kulturskule, Trond Otto Berg retta takk til både Sunnylven skule for godt samarbeid, og til dei tre lærarane Synnøve Hjellbakk Hole, Evgenij Zhukov og Erik Torset for deira gode arbeid og fantastiske engasjement. Og vi gler oss alt til neste år.