LokalnyttLokalsport

Stadfesta knallform i Nibbeløpet

Anniken HJellbakk Hole, Sunnylven IL like etter start og på veg mot ei kjempetid i Nibbeløpet. (Foto: facebook, Frå Fjord til Fjell)

Anniken Hjellbakk Hole gjorde eit kjempeprestasjon i Nibbeløpet Frå Fjord til Fjell i Geiranger laurdag. Ho vart nummer to, berre slått av fjorårsvinnaren Annie Bersagel, Tjalve.

Anniken har delteke fleire gonger i nibbeløpet, men vi trur det vart ny bestetid laurdag i Nibbeløpet i Geiranger for løparen frå Sunnylven IL med sluttid 1.59.01. I fjor vart det sterke 2.06.07, altså over sju minutt raskare laurdag. Ein stor prestasjon i den to mil lange motbakkeløypa frå Geiranger sentrum til Dalsnibba 1500 meter høgare.

Tida var god nok for andreplass på Sunnylven IL sin beste kvinneløpar, eit hakk høgare på sigerspallen enn i fjor. Vinnar vart Annie Bergsagel, Tjalve, 1.45.42. I fjor vann same dame på 1.44.18. PÅ tredje plass i kvinneklassa kom Vilde Andrea Eriksen Høgelid, Valldal IL, 2.11.57.

Herreklassa vann Iver Matias Linge Glomnes, 1.40.08, valldaling som no spring for Strindheim IL.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380