Sunnylven vann mot Norborg

Sunnylven var stadig i angrep mot Norborg sitt mål. Her ser vi Sunnylvsspelarar i rødt og blått, med 33 Trygve Aaland Tryggestad, 30 Markus T. Forbord og firemålsskårar Alf Ole Sundgot.

I ein kamp for menn 7-ar på Hellesylt stadion vann Sunnylven 6-4 (4-2) over Norborg.

Det var kaldt og sterk vind på Hellesylt stadion då heimelaget møtte Norborg i kamp om poeng i menn 7-ar fotball. Vertilhøva får ta ein del av skulda for at samspelet ikkje var av beste merke denne gongen.

Sunnylven kom best i gong og leia 3-0 før Norborg reduserte to gonger. Før kvilen gjekk heimelaget opp til 4-2 etter at kampens domar, Steinar Hjelle hadde peika på straffemerket og Alf Ole Sundgot dundra ballen i mål.

I andre omgang var laga like gode og skåra to gonger kvar. Målskårarar for Sunnylven var; Alf Ole Sundgot 4, Trygve Aaland Tryggestad 1, og eitt sjølvmål. Sunnylven er no best på tabellen og står etter seks kampar med 12 poeng, to føre Stranda og Emblem på andre og tredje plass. Norborg er nr. 8. med 4 poeng.

Neste heimekamp for Sunnylven er mot NEG (Norddal, Eidsdal, Geiranger) under Hellesyltdagane laurdag 7. juli klokka 17.30.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380