Lokalnytt

Viste fram mønstergeitbruk

Dei åtte månader gamle kjea lever og blir påsett i geitebuskapen på Stadheim Gard. Og vi trur dei sjarmere landbruksbyråkratane.

Tilsette i Landbruksdepartementet er på rundreise i Møre og Romsdal for å sjå landbruk og få innspel frå bønder. Onsdag var turen komen til Stranda.

Med på rundreisa var også Elin Brekke og Heidi Engeset frå Fylkesmannen, og seniorrådgjevar Arnold Hoddevik frå Landbruksavdelinga i Møre og Romsdal.

I Stranda kommune vart det store fylgjet på 40 personar fyrst viste rundt på pizza-fabrikken i Svemorka før reisa gjekk vidare mot Hellesylt og Sunnylven. Eit stopp på utkikspunktet på Ljøen var nok god reklame for området og her orienterte næringssjef i Stranda, Inge Bjørdal om Verdsarvområdet og dei band denne statusen legg for jordbruket.

Vidare gjekk så turen til Jørn og Karolin på Stadheim Gard. Etter ynskje vart det omvising på eit geitbruk og på Stadheim er drifta i hovudsak geitmjølkproduksjon. Bruket har i dag 200 mjølkegeit og ei kvote på 160 tonn. Mjølka går til Tine sitt anlegg i Ørsta der den blir til osten Snøfrisk.

Rundt 40 personar frå Landbruksdeparetementet fekk omvising på geitbruket til Karolin og Jørn. Bonden sjølv orienterte frå døropninga i reiskapshuset.

Mykje jobb for nytt jordbruksland

Jørn Stadheim vart geitebonde som 19-åring i 2006 og har i åra etter skapt eit mønsterbruk med gode hus og moderande reiskap. I nær sagt alle år etter overtakinga har maskiner jobba med nydyrking og arrondering av jordvegen på bruket. Nyleg vart eit større bakkeplaneringsprosjekt fullført der det hadde gått med 700 timar med maskinarbeid og flytta på 15000 kubikkmeter masse, fortalde Jørn. Det vart til 8.0 dekar ny, god kulturjord.

Det kom fleire spørsmål frå Landbruksdepartementet sine folk og dei fekk svar. På bruket blir det i dag produsert det kvoter og areal tillet, sa geitebonden. No har han kjøpt seg ny, dyr tilleggskvote for å sikre drifta. I tillegg driv han omfattande leigekøyring både sommar og vinter.

Fekk ostehøvel

Ein stor flokk kje beita like ved gardstunet, noko dei landbrukstilsette fekk sjå nærare på. Spørsmålet var kva som skjer med alle kje som blir fødd i november og som ikkje blir til påsett. –Dei får leve i rundt fire veker og så blir dei slakta. Då er dei framleis små så slakteoppgjøret blir heller lite, sa Jørn Stadheim og la til; -Vi kan ikkje betale for å produsere mat til andre. Det er meir lønsamt å levere mjølka til meieri enn som mat til kjea då det rundt årsskiftet er tillegg i den ordinære mjølkeprisen.

Som takk for ei fin og opplysande omvising vart vertskapet overrekt ein ostehøvel i gåve frå Landbruksdepartementet. -Ikkje den store gåva, men eit lite minne og takk for at vi fekk kome innom, sa Gorm Strand som overrekte.

Betre og vakrare er målet

Til hellesylt.info poengterte Gorm Strand at turen rundt om hadde vore svært nyttig så langt. Dei hadde fått sett på fleire sider og produksjonar i landbruket i fylket og ikkje minst hadde problemet med attgroing blitt diskutert. Strand var ikkje i tvil om at beitande dyr var beste ryddaren.

No gjorde følgjet på 40 personar seg sine tankar som dei tok med tilbake til kontora. Målet var å gjere norsk landbruk enno betre for bønder og forbrukarar og vakrare for folk flest.

Frå Hellesylt gjekk turen vidare til Urke, Sæbø og Ørsta.

Det var Gorm Strand som takka på vegne av besøket og overrekte ein ostehøvel i gåve til Jørn Stadheim.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380