LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2018

Andesleppet i Hellesyltfossen

I dag søndag går Det store andesleppet i Hellesyltfossen. Vinnarlodd kan kjøpast på stand like ved inngangen til Sunnylven samfunnshus.

Ingen må gløyme å kjøpe lodd i Det store andesleppet søndag 8. juli. Der blir det delt ut store pengepremiar til dei heldige vinnarane. 10.000.- for anda som blir fanga fyrst av måldomarane forbi Hellesylt bro, 5000.- til nummer to og 3000.- til tredje beste and. Vidare får sju heldige loddkjøparar 1000.- kroner kvar.

I sentrum vil alle legge merke til to «andungar» som spaserer fritt rundt, og Store Kvakk overvakar eit nytt andeslepp med vake blikk frå taket på Hydro-stasjonen. Kvart lodd kostar 50.- kroner, men kan fort forrente seg godt.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380