Lokalnytt

Coop Marked Hellesylt aukar

Butikksjef ved Coop Marked Hellesylt, Michelle de Vries er strålande fornøgd med auka omsetning ved butikken. Den er så langt på heile 5.0 prosent.

Coop Marked på Hellesylt har hatt god omsetningsauke så langt i år. Auken er på rundt 5.0 prosent i høve til budsjettet.

Michelle de Vries kom til Hellesylt og tok over som butikksjef ved Coop-butikken i januar 2017. Ho kom frå jobb ved same butikkjede på Harøy. Ved butikken på Hellesylt såg ho for seg ein del endringar og omrokkering av hyller, reolar og varer. -Eg såg korleis eg ville ha butikken. Kanskje vart det litt ukjent for kundane ein periode då varene ikkje var der dei brukte å vere, seier de Vries.

-No har vi fått på plass 90 % av endringare vi ønska å gjere, men det står igjen ei avdeling med eit utvida varespekter for landbruket, dei mest brukte tinga i landbruket slik at bønder slepp å reise så langt for å få tak i det. Her blir også ein del bilpleieprodukt og litt større utval i måling, fortel Michelle som håper å få det på plass i år. Men framleis blir det daglegvarer som vil dominere i butikkhyllene.

Coop Marked Hellesylt har budsjettert med 11.8 mill. kroner i omsetning i 2018 og så langt har handelen vore god. Ein omsetnadsauke på 5.0 prosent i høve tilbudsjettet så langt er ho nøgd med. Butikken har fire tilsette pluss vaskehjelp.

Michelle de Vries trivast godt på Hellesylt. Det er neppe betre plass å vere, seier ho. Og kundane får like mykje ros. -Dei er fantastisk snille, slår av ein prat og spør, og dei gjev ris og ros, nett slik eg vil ha det.

Den store folkefesten, Hellesyltdagane er travle dagar med mykje handel og god omsetnad også for daglegvarebutikkane på Hellesylt. I det fine veret var det kanskje litt mindre med folk innom butikken i år enn i fjor, Coop Marked registrerte ein liten nedgang. Men alle tilsette hadde nok å henge fingrane i heile sommardaghelga så butikksjef Michelle er likevel strålande fornøgd. -Nesten greitt at det berre er ei slik helg i året, seier ho med eit smil.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380