Eit musikals fyrverkeri

Maria Holand Tøsse med band og ungdomskoret Joyful på scena under Hellesyltdagane.

Stordal har eit sangtalent av dei store, ei glajente som alle må bli glade av å høyre på, eit musikals fyrverkeri i det siste programinnslag under Hellesyltdagane.

Med sitt fire mann gode band, i sin blomsterdekorerte sommarglade kjole kom Idol-jenta på scena på Hellesylt søndag. Det var rundt ti år sidan sist ho song frå arenaen på Ole Ringdals plass og no var ho tilbake.

Maria tykte det var kjekt å kome til Hellesylt igjen. Der var ein stor lyttarskare samla for å høyre konserten i gata midt i Hellesylt sentrum og der unge fan flokka seg like inn til scenekanten som både dansa og song med. Nokre av dei fekk til og med opp på scena og «leike» saman med Maria.

Skyene hang over Hellesylt denne siste festivaldagen, men om det var artist og band som fekk solgløtta fram veit ikkje vi. Men det var grunn til å kose seg noko vi meinte å sjå at publikum gjorde. Og dei fekk oppmoding til både song og dans frå artisten, men det vart det lite av. Då tok glajenta like godt turen ned og baud fleire prøve seg som vokalistar. Og med flotte Maria på fanget vart kan hende også det av dei store minna frå Hellesyltdagane.

Det klang vakkert frå Maria Holand Tøsse og band i den timelange konserten der ho hadde hyra inn ungdomskoret Joyful i to av songane. Det var populært både for kormedlemane og publikum.

Masse energi, men vakre framføringar av kjente songar gjorde konserten til dei betre innslaga frå utescena i år. Det vart ei oppleving mange huskar lenge!

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380