Entertainer frå Larsen Gard

Jarl Eirik Larsen Frøysa spela og song frå utescena og imponerte stort.

«Dalarane» er eit musikalsk folkeferd. Stadig dukkar det opp topp musikarar og songarar, det siste stjerneskotet heiter Jarl Eirik Larsen Frøysa.

Hellesyltdagane er ein arena for mangt, også nye talent innan song og musikk. Den siste ukjente som publikum fekk møte søndag på utescena var Jarl Eirik Larsen Frøysa. 31-åringen frå Larsen Gard i Langedalen har i ti år jobba innan Securitas på Molde.

Rundt tjugeårs alder var Jarl Eirik fast på Sunnylven IL sitt 4. divisjonslag. Dei musikalske evnene har alltid vore der, men fyrst dei siste åra har han gjort song og musikk til sin flotte hobby. Og det er framleis ei hobby, fortel han. Karen kunne nok ha opptredd både her og der, men til no har det blitt berre eit bryllaup og ein gebursdag som musikalsk underhaldar. –Men du kan skrive at eg tek gjerne mot spelejobbar, seier Jarl Eirik Larsen Frøysa.

Jarl Eirik har ikkje starta å lage songar og melodiar sjølv, han har berre leika med tanken så langt. På utescena under Hellesyltdagane kom den eine songperla etter den andre av kjente popartistar, alle utvalde av mamma, røpa han. Det opna med Michael Bublé sin flotte «Home» , deretter «People are Crazy», ein som gjekk i valsetakt, og til slutt Leonard Cohen sin «Halleluja». Ein imponerande minikonsert der entertainaren frå Larsen Gard imponerte eit stort publikum med sin song og spel på eige tangentinstrument.

Home – Jarl Eirik Larsen Frøysa

Jarl Eirik Larsen Frøysa framførar "Home" frå scena på Hellesyltdagane søndag 8. juli 2018..

Posted by Hellesylt.info on Sunday, July 8, 2018

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380