Etter den flotte turvegen

Det vart ei stor oppleving å gå tur frå Herdalen til Ljøen søndag. Den Trondhjemske postvei har fått ei standardheving som nesten er uvirkeleg.
Det går mot fullføring av det omfattande reparasjonsarbeidet på Den Trondhjemske postvei mellom Ljøen og Herdal. Dei to siste åra har den gamle ferdselsåra frå fylkesvegen på Ljøen til Brekka, det høgste punktet etter denne populære turvegen blitt reparert. Postvegen svingar seg oppover, brei og flott med høge murar av naturen sitt byggemateriale. Her kan ein gå i joggesko for her har både planleggarar og arbeidarar gjort meisterleg arbeid.
Vi gjekk frå Herdal til Ljøen søndag. På laurdag og søndag er turvegen open for fri ferdsel på eige ansvar. Resten av veka når arbeid pågår er den stengt opp bratta på Herdalsida, men for dei spreke er moglegheita om Brekkeskaret til toppen av Ljøbrekka.
No blir det jobba for fullt med utbetring av råsa med 22 svingar opp den bratte oppstigninga på Herdal-sida. Dei er komne langt opp frå flata i dalbotnen og det blir gjort eit fantastisk godt arbeid, sett og vurdert av ein søndags turgåar. Vi vart storleg imponert.
Vi tek også av oss hatten for dei leiande i styret for Ljøbrekkas Vener. Ein stå-på-vilje, lojalitet og eit brennande engasjement har skaffa fram dei økonomiske hjelpemidlane som måtte til for å gjennomføre dette historisk flotte tiltaket. Under vegs har eldsjelene heilt sikkert støtt på vanskar eller fått kommentar som berre sterke ryggar toler. Slik er det berre om ein skal drive fram det ein har tru på.
Snart kan vi gratulere med ein fantastisk turveg over Ljøbrekka. Lat vi håpe at det er planlagt så godt at både leiing, entreprenør og arbeidarar også har råd til ein god opningsfest når siste gråstein er mura på plass. Postvegen over Ljøbrekka har blitt ein turveg, eit byggverk som også unge generasjonar vil ha glede av i mange år.