Fengjande historiestund i Bygdetunet


Astrid Langeland ved gevinstbordet. Programleiar Odd Jostein Bjørdal står med vinnartala

Tekst og foto: Lars O. Fivelstad.

Laurdag ettermiddag kunne Odd Jostein Bjørdal ønskje vel møtt til det 21. olsokstemnet som venneforeininga for Hellesylt bygdetun har skipa til. Han kunne love dei vel 40 frammøtte både velsmakande rjomegraut, musikk og allsong, og ikkje minst eit attersyn på 200 års busetnad i Lillegjerdet.
Rjomegrauten var som vanleg av beste merke. Seinare i programmet vanka det både kaffi og kaker. Og som avrunding ei utlodding som gav fin støtte til drifta av venneforeininga.
Kjende songar som «Nordmannen» og «Gamle grendi» høyrde med i år også. – Den siste er litt vanskeleg å syngje. Vi starta forsiktig med fyrste verset i 2016, og i år tek vi alle fire versa, meinte Odd Jostein. Og bra gjekk det, med forsangarane gjennom fem stemne, Anne Marie Frøysa og Arnfinn Tryggestad. Oddvar Gausdal sytte for tonefylgje på trekkspel og spela og litt mellom programinnslaga.

«Lillegjerdet si historie gjennom 200 år på 20 minutt» var hovudinnslaget i programmet. Her fortalde Marit Ljøen og Arne Ringdal, begge med stor kunnskap om historia til garden, levande og detaljrikt om daglegliv og viktige hendingar både på garden og i vidare samanhang. At dei 20 minutta dobla seg var det knapt nokon som ensa.
Marit hadde tenkt seg korleis det kunne vere å leve på garden på 1850-talet. Der fanst mest ikkje skog omkring, og frå garden kunne dei sjå andre liknande småplassar med dei små, grå husa som var særmerkte for tida. På garden var det gjerne eit par kyr og nokre sauer og geiter. For å skaffe fôr slo dei teigar høgt til fjells. På garden dyrka dei også både bygg, havre og poteter. Kornet mol dei i kvernhuset nedanfor Hellesyltfossen.
Mellom onnene var det lauvskjering, slakting og møring, tillaging av blodpølser, spekekjøt, rullepølser og fåreribbe. Kosthaldet til dagleg var enkelt med graut, flatbrød, surmjølk og spekemat.
Arne tok eit litt vidare perspektiv i si forteljing. Han skildra kva gardsfolket i Lillegjerdet fekk oppleve av utvikling i bygda gjennom tidene. Vegen gjennom Langedalen vart hovudveg i 1825 og her gjekk også postvegen. Høgebrua vart bygd om i 1851, og det vart bygd postvør nede ved noverande Hellesylt bro. Amund Kjellstad vart første ordførar i Sundelven i 1838.
På slutten av 1800-talet vart det eit stor auke i turisttrafikken., og fleire «kjendisar» kom forbi garden. Keiser Willhelm drog forbi to gonger, og både Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson var mellom dei som for gjennom Langedalen. Til Hellesylt kom også amtmann Alexander Kielland, som kanskje vart meir kjend som forfattar.
Telefon kom til bygda på 1890-talet, og i 1905 kjøpte dei attende Lillegjerdet frå kyrkja. Elektrisk ljos fekk dei i Lillegjerdet i 1927, og gjennom giftarmål flytta folket frå Holen ned i 1933.
Dei siste som sat på garden Lillegjerdet var syskjena Lars, Nils og Ingrid Holen.

Stor interesse for rjomegrauten.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380