Halvdan Sivertsen fylte Sunnylven kyrkje

Artist Halvdan Sivertsen og Joyful i Sunnylven kyrkje. Til venstre musikar Heine Langås Bendiksen og til høgre Trond Viggo Solås.

Med sin gitar og visesong tok Halvdan Sivertsen publikum til ståande applaus i Sunnylven kyrkje fredag kveld. Konserten var opninga på programpostane under Hellesyltdagane 2018.

Konserten i Sunnylven kyrkje er alltid fyrste innslag under Hellesyltdagane som i år blir arrangert for 31. gong. Ei fullsett kyrkje summa av forventning i minutta før konsertstart og før Geir Frøysa frå arrangøren ønska vel møtt. Forventningane var tydeleg vis store, for i år hadde Hellesylt ungdomslag og Sunnylven sokneråd sikra seg viseartist Halvdan Sivertsen. Saman med to andre musikarar på gitar, Heine Langås Bendiksen og Trond Viggo Solås vart det ein av dei gode opningskonsertane.

Repertoaret var variert og bunde saman av morosame og litt «spreke» kommentar. Konserten starta med viser om romantikk før «Brudemarsj frå Løddingen» kom. Seinare vart det både kjente og mindre spela viser frå artisten som har sine slektsrøter frå Bodø.

Halvdan Sivertsen har gjeve ut fleire album og songar til vakre melodiar som nærmast har blitt landeplager. Det er morosame, nesten greinalause rimtekstar, men også mange songar med alvor bak linjene, om folk og natur. Mange berører samfunnsproblem, havet, fiskeri og veret, nesten ei livsens lærebok i mange samanhangar.

Halvdan Sivertsen fekk eit bearbeida saueskinn i gåve og som eit minne frå Hellesylt, overrakt av Geir Frøysa.

Publikum fekk også vere med å synge i vekselsong om «Nysalta uer», til mykje latter og moro. Heilt på slutten under konserten i Sunnylven kyrkje fekk publikum høyre ungdomskoret Joyful i samsong med artisten i «Frihet» og «Sommarfugel i vinterland». Det var av høgdepunkta under den halvannan time lange konserten.

Artist og musikarar fekk ståande applaus frå eit publikum som tydeleg lika det dei fekk høyre og måtte framføre «Kjærleiksvisa» som ekstranummer. Arrangøren hadde treft blink med val av artist nok eit år.

Som gåve og eit minne frå Hellesylt fekk Halvdan Sivertsen med seg eit bearbeida saueskinn laga på fjellgården Øvre Ljøen, og dei to musikarane fekk lodd i Det store andesleppet søndag. Leiarane for Joyful, Kristin Storstein og Oddbjørg Stadheim fekk begge blomster.

Halvdan Sivertsen og musikarar i Sunnylven kyrkje fredag 6. juli.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380