LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2018

Håper på festivaldansesuksess

Ramazan Øcal er arrangør av festivaldansen på Ole Ringdals plass laurdag der det store festivalteltet er ferdig rigga. -Her blir det triveleg, seier Ramazan.

Festivaldansen under Hellesyltdagane foregår ute så det blir neppe hæla i taket laurdag kveld, men arrangøren trur på topp stemning likevel.

Onsdag vart festivalteltet på Ole Ringdals plass rigga og snart kjem også utescena i same området. Hellesyltdagane 6. til 8. juli er i rute, også med festivaldans med Rune Rudberg og band på scena.

Rune Rudberg med band blir stemningsskaparar for dei danseglade laurdag kveld. Festivaldansen foregår i år som i fjor under «open himmel» på Ole Ringdals plass midt i Hellesylt sentrum. Så «hæla i taket» blir nok eit uttrykk utan realitet, til det er «taket» for langt oppe. Men blir det tilnærma same gode stemning i år som i fjor blir det suksess for arrangør Ramazan Øcal. På området har Jørgen Mek, Langevåg og hans medhjelparar i firma Teltpartner rigga eit festivaltelt på 8.0 gange 22.0 meter i tilfelle nedbør.

Nedbør blir det ikkje laurdag kveld får vi garanti om av arrangøren som set opp sperringar rundt heile danseområdet. Alle må ha billett for å bli med på festivaldansen på Hellesylt, seier Ramazan. Billettar er i sal på Øcal Restaurant. Som pauseartist har han hyra inn trubadur Tico. Han spelar også på Øcal Restaurant fredag kveld.

Ramazan Øcal har satsa mykje på at festivaldansen skal bli ein suksess. Og lukkast han lovar han artistar av topp kvalitet også neste år.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380