LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2018

Hellesyltløpet laurdag

Hans Christer Holund til høgre og Anders Mølmen Høst, begge Lyn ski og begge i verdenstoppen i langrenn stiller til start i det 31. Hellesyltløpet laurdag.

Det blir knallsterk konkurranse til start i Hellesyltløpet i år. Etter det hellesylt.info kjenner til stiller ein medaljevinnar frå siste OL og ein sølvmedaljør frå Vasaloppet 2017 til start.

Etter det hellesylt.info kjenner til stiller både Hans Christer Holund og Anders Mølmen Høst, begge Lyn Ski til start i Hellesyltløpet 2018. Hans Christer Holund deltok under OL sist vinter og gjekk til fleire sterke plasseringar, mellom anna til bronse på 30 km. med skibyte. Og det kunne blitt fleire OL-medaljer av edelt valør, men uforståeleg for mange vart han sett ut av det Norske stafettlaget over fire gange 10.0 km.

Klubbkamerat Anders Mølmen Høst har spesialtrena langløp på ski dei siste vintrane. Han var fast på Team Leas Plan, men då dette langløpslaget vart nedlagt er han i dag på Serneke. Han har vunne ungdomstrøya i Fischer ski classic, men kanskje største prestasjon var andre plass i Vasaloppet 2017. Laurdag stiller begge til start i Hellesyltløpet.

Det 31. Hellesyltløpet på grus, asfalt og grasbakke og er 6.6 km. for senior damer og herrer, og 1.6 km. for gutar og jenter.

Påmelding seinast ein time før

Det er meldt fint ver under løpet med start og målgang på Hellesylt stadion. Starten går kl. 15.00 laurdag 7. juli, og alle som vil delta må vere registrert påmeldt ein time før start. Stad for påmelding er ved trim/friidrettsgruppa, Sunnylven IL sin stand i Hellesylt sentrum.

I starten var Hellesyltløpet mest å rekne som eit trimløp, men har med åra fått mange toppløparar til start. Det er i dag både eit trim/mosjonsløp og eit konkurranseløp for gode norske løparar. Den lengste løypa har ei stigning til Stadheim på ca. 80 meter.

Stadig nye løyperekordar

Ein engelskmann på ferie stilte til start i 1996 og vann løpet og sette løyperekord. Seinare har rekorden i terreng –og landevegsløpet blitt flytta både for damer og herrer til sterke tider. Løyperekordar i damer har Kjersti Fresvik, Gular på 24.12 (2016) og Joar Thele, Lyn ski for herrer på 20.36 (2016).

Med forbehold om eventuelle feil presenterer vi desse rekordane. Helge Havsås 22.22 (2004), Kristian Nedregård 21.47 (2007), Anders Mølmen Høst 21.16 (2012), Henrik Bakke 21.15 (2014), Joar Thele 20.36 (2016).

Har delteke i samtlege løp

Rekordar i dameklassa har Kari-Anne Tryggestad Ryste 27.31, same tid har Anniken Hjellbakk Hole 27.31, Hilde Lauvhaug 25.02 (2014), Kjersti Fresvik 24.12 (2016).

Ein løpar, Odd Arild Dale har delteke i samtlege Hellesyltløp til no. I 2003 sprang han på 24.24. Nest beste tid i Hellesyltløpet nokon gong har Simen Hægstad Kruger, Lyn ski 20.52 i 2016. Holund har personleg bestetid frå 2012, 21.21, Kristian Nedregård har 21.19 som pers.

I 2017 vart Hellesyltløpet for senior vunne av Håkon Stavik, Ålesund friidrett, 21.28, og Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL, 26.08.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380