Hellesyltløpet prikkfritt arrangert

Kornelius Linge Glomnes, Valldal IL

Det 31. Hellesyltløpet vart arrangert under gode forhold, men med mindre deltaking enn dei siste åra. Vinnarar i seniorklassa vart Emilie Flo Stavik, Markane IL og Kornelius Linge Glomnes, Valldal IL.

Alle foto: Ragnhild Stadheim.

I senior damer stilte 8 løparar og senior herrer 26 løparar til start i Hellesyltløpet laurdag. Mellom dei og for 31. gong var Odd Arild Dale, Førde IL. Han fullførte det 6.6 km. lange terrengløpet på 31.53 som gav 19. plass denne gongen.. Dale har like mange startar som Hellesyltløpet har blitt arrangert og må vel kallast «kongen» av løpet.

Vinnar i herreklassa vart Kornelius Linge Glomnes, Valldal IL, åtte sekund føre Hans Kristian Stadheim, Sunnylven IL. Dei to var i klasse for seg denne gongen, for ned til bronsevinnar Anders Wigdal, Velledalen IL var avstanden frå vinnar 1.53.0.

Hans Kristian Stadheim, Sunnylven IL.

Emilie Flo Stavik, Markane IL (Foto: Thomas Sørensen)

I damer senior sprang Emilie Flo Stavik, Markane IL eit godt løp. Vinnartida 25.24 er tredje best i Hellesyltløpet nokon gong. To frå arrangørklubben kom på dei neste plassane, Kristine Hjellbakk Hole, 28.22, og Hege Ringdal 29.31.

Også i guteklassa med 15 løparar gjekk sigeren til Sunnylven IL ved Thomas Sander Hole. Han kom i mål på 5.42.8 i den 1.6 km. lange løypa.

Enno raskare var Elida Fuglem, Valldal IL som vann klassa for jenter. Sluttida var 5.38.3, ei av dei raskaste nokon gong. I jenter deltok og fullførte 26 løparar.

Arrangør Sunnylven IL stod for eit prikkfritt arrangement og med eit talrikt publikum som følgde løpet. Alle deltakarar fekk t-skjorter i premiar. At deltakinga var redusert med ein firedel frå i fjor var nok litt skuffande.

Resultatlista finn du her.

Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL.

Hege Ringdal og Gisle Aaland, begge Sunnylven IL

Vinnar guteklassa, Thomas Sander Hole, Sunnylven IL. (8) Til venstre Lars Kvam Karbø.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380