Kokartjønna

Kokartjønna i Kjellstaddalen

Naturopplevingar i Sunnylven

Sunnylven er rik på flotte turopplevingar. Ein av dei mange sætredalane som ligg og ventar på naturglade er Kjellstaddalen.

Like forbi trimposten i Kjellstaddalen (5 poeng) ligg eit litt sjeldan naturfenomen, nemleg den såkalla Kokartjønna. Ute på ei myr sydar og boblar det i sandbotnen på den vesle tjønna. Her pressar vatnet opp små kvite sandkorn. Nærmast som kveitmjøl kvervlar dei rundt i botnen.

Ikkje lagt unna ligg det kjente fjellet Honndalsrokken og på folkemunne blir det sagt at det er rokkekjerringa som kokar grauten sin i Kokartjønna.

Namnet er også i seinare tid teke i bruk i forsamlingshuset til Tronstad grendalag. Eitt av romma der det under tilstellingar blir servert gode forfriskingar har fått namnet Kokartjønna.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380