Luftig flygeturar.
Helge Kvam Karbø driv med mykje innan friluft og ekstremsport. Under Hellesyltdagane tok han med seg tre andre himmelseglarar til Korkfjellet oppfor Hellesylt stadion.
Helge Kvam Karbø og tre andre vener tok utstyret på ryggen og gjekk frå Karbø til Korkfjellet 1014 meter opp for Hellesylt. Dei tre andre var Miriam Røykås, Lørenskog, Karl Martin Furset, Stranda, og Marius Bøstrand frå Volda.
Like etter at løparane i Hellesyltløpet var i mål og rundt klokka 16.00 fekk publikum sjå dei to fyrste ta av med ein raud og ein kvit flygeskjerm. Om vinteren med snø blir det nytta ski for å kome i gong, no måtte dei springe og håpa på gunstige vindforhold. Det fekk dei og fyrst i lufta var Mirian og Karl Martin. Publikum fekk sjå dei leike seg nedover i lufta og for ein som aldri har prøvd luftige svev i fallskjerm vart det fasinerande og spektakulære rundkast før begge landa trygt og kontrollert på flata like ved Jogardsbøen.
Like etter kom Helge og Marius. Dei flaug litt lavare over terrenget og tretoppane ned fjellsida før dei to gjekk inn for landing, kontrollert innafor oppmerka område på Hellesylt stadion. Dette innslaget var nytt under Hellesyltdagane, men kan heilt sikkert bli å sjå også eit anna år.
Helge Kvam Karbø har tileigna seg kunnskapar innan fleire greiner ekstremsport ved Voss folkehøgskule, ekstremsportlinja. Sist vinter hadde han himmelseglarkurs i Holebakkane i Sunnylvsbygda for jenter og gutar, då med ski på beina.
Sjå også: https://www.hellesylt.info/2018/01/himmelloft-i-holebakkane/