Ny renesanse for kaihus
Kaihuset på Hellesylt er teke i bruk, i akt og ære igjen. Ikkje som båtekspedisjon, men som kiosk med kaffi og is, bildeutstilling og litt til.
Det er selskapet Bonseye AS som har leigd kaihuset på Hellesylt, i fyrste omgang i to år. Selskapet driv båttransport på fjorden, og turar for turistar med rib-båtar.
I lokala som var kontor for kaiekspedisjon er det laga til for service og informasjon for reisande som søkjer turoppleving. Det kan ein få rikeleg av om ein tek tur med ribbåt på Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden. –Vi har ei fast rute innover til Dei sju systre og Skageflå med guide. Då fortel vi om stadane langs fjorden, og om folket som budde og livberga seg på dei bratte, einvølte stadane, seier Bente Bonsaksen. I lokala i kaihuset driv ho og gjer ferdig ei biletutstilling av Rune Ringdal Kleiven, ein slakning etter Lars Ringdal.
To el-ribbåtar
Lars Ringdal var onkel til slekta på Øvre Ljøen. Bente har eit bilete som viser eggeglas av plastikk som Lars Ringdal laga i fabrikken i Grand-kjellaren på Hellesylt. Og pionerjolla, rødfisen som dei fleste i militære har opplevd smellen av, eller Think-bilen, den fyrste el-bilen, vart alle banebrytande av oppfinnaren. No går andre i same oppfinnarspora, for i 2019 kjem to elektrifiserte rib-båtane på sjøen på Hellesylt om alt går etter planen. Det er mannen, Frank Bonsaksen i samarbeid med eit skipsverft som utviklar dei fyrste, miljøvenlege farkostane. Eit spanande prosjekt.
Kiosken i kaihuset på Hellesylt har mykje interessant å vise fram. Der blir dagleg ope mellom kl. 12.00 og 17.00