Olsokstemne laurdag

Frå olsokstemnet i 2017.

Laurdag 28. Juli er det klart for olsokstemne med underhaldning og rjomegraut i Hellesylt bygdetun.

I fjor var det rekordstort frammøte då Bygdetunets venneforening skipa til det etter kvart tradisjonsrike olsokstemne i tunområdet ved gamlestova. Der blir samling også i år på komande laurdag. Rett nok har arrangøren teke atterhald om samling i løa i tilfelle dårleg vêr, men det blir det ikkje. I følge www.yr.no blir det sol og 31 pluss under stemnet som startar kl. 17.00.

Det blir song og musikkinnslag, og Marit Ljøen og Arne Ringdal tek forsamlinga med på eit tilbakeblikk på historia til det vesle bruket dei har kalla «Lillegjerdet si historie gjennom 200 år på 20 minutt». Og sjølvsagt blir det rjomegraut å få kjøpt, «pynta» med alt som høyrer til. Ta turen til Lillegjerdet laurdag, til eit nytt, triveleg olsokstemne i Bygdetunet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380