Opna Hellesyltdagane

Merete Løvoll Rønneberg opna dei 31. Hellesyltdagane laurdag. Ho var raus i si omtale av bygda.

Merete Løvoll Rønneberg opna Hellesyltdagane 2018. Det vart ein hyllest til festivalbygda og til dei mange gode kreftene som finst innan dugnad, kultur og næringsliv.

Sunnylven er ei bygd på flotte naturopplevingar, men også full av folk med positiv haldning og dugnadsånd, sa Merete Løvoll Rønneberg frå Stiftinga Girangerfjorden Verdsarv. Ho var raus med superlativa til festivalbygda då ho opna Hellesyltdagane 2018 laurdag.

Ho hadde slektsrøter frå bygda og hadde blitt kjent med fleire av folket, mellom anna gjennom arbeid med ei ny Verdsarvutstilling på Peer Gynt Galleriet. Den nye utstillinga saman med Oddvin Parr sine Peer Gynt-relieff var verd eit innsyn. Det var ein kulturskatt som bygda burde vere stolte av, slik som mykje anna, meinte Rønneberg og rekna opp utruleg mange ting innan næringar og folkeliv. Ho tok fram Gamleskulen på Hellesylt som bevaring av fortida, men sentrum hadde fleire gamle hus som burde få liv igjen.

I opningshelsinga trekte ho næringsliv og solide bedrifter innan matproduksjon, bygg og anlegg, og ho var innom det breie og aktive kulturlivet som har vore og er i Sunnylven, både innan idrett, teater, dans og musikk. -Bygda er ei «godteskål» på alle måtar. Det var berre å forsyne seg, sa Merete Løvoll Rønneberg før ho erklærte dei 31. Hellesyltdagar for opna.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380