Over ein halv million i TEFT-middlar.

På utescena kunne desse ta mot TEFT-middlar frå banksjef Stig Tryggestad. Frå venstre Reset Kabel-TV / Lars Fivelstad, Sunnylven IL / Lillian Aasheim, Hellesylt Treningssenter / Susanne Ringdal, Sunnylven samfunnshus / Tor Tryggestad, Hellesylt Bygdetun / Ingebjørg S. Fivelstad

Etter søknader har Sparebanken Møre delt ut til saman 595.000.- kroner av Teft-middlar i støtte til lag og organisasjonar i Sunnylven.

Banksjef hadde med store gåvebrev då han entra scena på siste dag av Helleyltdagane. Det har blitt tradisjon å dele ut TEFT-middlar til lag og organisasjonar under sommardagarrangementet. Og Sparebanken Møre var glad for å kunne støtte laga økonomisk på ein dag som denne som i grunn var ein stor dugnad der stort sett heile bygda tok del. Han håpa gåvene ville gjere det lettare for laga å drive.

Desse fekk utdelt gåvebrev på scena:
Hellesylt Treningssenter kr. 25.000.-

Sunnylven IL (Garasje og fotballmål) kr. 50.000.-

Sunnylven samfunnshus (Fossedursalen) kr. 150.000.-

Reset Kabel-TV kr. 25.000.-

Stiftinga Hellesylt Bygdetun (Restaurering stovehus) kr. 50.000.-

Middlar utdelt:

Sunnylven sanitetslag (helsesista) 15.000.-

Foreldrerådet Sunnylven skule (vasskjølar) kr. 10.000

Ljøbrekkas Vener kr. 50.000.-

Utebenkar kr. 25.000.-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380