Sel festplagg frå Devold

Berit Elise Emdal frå Sykkylven har lokalet fullt av flotte genserar og jakker i ull. Her viser ho fram nokre av festplagga.

Også denne sommaren er eit stort lokale i det gamle meieriet på Hellesylt fylt opp av festplagg frå Devold.

Bak salsdisken i det gamle meierilokalet møter vi Berit Elise Emdal frå Sykkylven. Ho har sommarjobben sin her, førebels åleine. Men om litt kjem det to til som skal dele på jobben med daglege opningstider frå klokka 10.00 til 18.30, til siste ferjeavgang frå Hellesylt.

Utsalet opna tidleg i juni og vil vere ope til slutten av august, seier den blide jenta som viser oss det ho synest er det finaste ho har å byde fram til turistar frå både inn og utland. Utvalet er stort og variert av genserar og jakker i ull i mange fargar og alle storleikar. Også raggsokkar og undertøy er der eit rikt utval av.

At Berit Elise sel gode produkt ved utsalet i dei gamle meierilokala er vel liten tvil om, for Devold i Langevåg har produserte kvalitetsvarer i over 160 år.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380