Solid byggfirma på Hellesylt
I 2017 feira HT Bygg Hellesylt 25 år som byggfirma. Med ca. 20 tilsette, kontor, butikk og lager på Hellesylt har firmaet utvikla seg til ein betydeleg aktør innan byggebransjen på Sunnmøre.
I 1992 vart byggmeister –og entreprenørfirmaet Hellesylt Trevare AS etablert. Akseselskapet tok over produksjonslokala til Hellebostad Trevare, og seinare vart naboeigedomen med eit fabrikklokale kjøpt opp. Etter kvart vart dei to gamle fabrikkane bygde saman og renovert. Dei fungerer i dag som lager, produksjonslokale, kontor med møterom, opphaldsrom, og butikk.
Nytt firmanamn
Det var Øystein Ljøen, Magne Brekke og Geir Frøysa, alle lokale grȕnderar og byggutdanna som i 1992 gjekk saman og skipa Hellesylt Trevare, eit firmanamn som i 2011 vart endra til HT Bygg Hellesylt. Desse tre er framleis hovudaksjonærar i selskapet som dei siste åra har hatt ei brutto omsetning på 35 – 45 mill. kroner.
Øystein Ljøen er dagleg leiar i selskapet, byggingeniør Magne Brekke står for prosjektering og sal, og Geir Frøysa er prosjektleiar og bas. I administrasjonen finn ein også desse som kan kontaktast; Byggingeniør Tarjei Korsbrekke, Arne Frøysa, Kristoffer Frøysa og Jørn Tage Nordstrand alle bas, og Synnøve Kjellstad butikk/administrasjon.
Bidreg for bygda
HT Bygg Hellesylt har etter kvart fått eit godt renomé på seg for godt og solid utført arbeid. Firmaet har oppdrag stort sett over heile Sunnmøre og deler av Nordfjord og er totalleverandør av store og små bygg. Det vere seg driftsbygningar, fabrikkar, skular, barnehagar til bustadhus og hytter. Også oppdrag med påbygg og renovering av eldre bygg er mange av. Og HT Bygg Hellesylt har i alle år vore engasjert for bygda og ytt økonomisk støtte og friviljug arbeid til lag og organisasjonar.
–Ikkje noko oppdrag er for stort eller for lite for oss. Vi ser det som viktig å kartlegge kunden sine ønskjer og behov slik at våre dyktige og erfarne arkitektar kan tilpasse bustaden slik kunden vil ha den, seier Magne Brekke.
VestlandsHus AS
Firmaet har vore medeigar i VestlandsHus AS frå 1994 og er ein av dei to største aksjonærane med ti prosent, som er høgste tillate eigardel. Her har Øystein Ljøen vore både styremedlem og styreformann dei ti siste åra.
Har lærlingar i arbeid
I dag har HT Bygg Hellesylt tilsette både frå Hellesylt, frå bygdene kring og frå Polen. -Sjølv om dei utanlandske arbeidarane er både pålitelege og dyktige arbeidarar ønskjer vi oss lokalt tilsette. No har det endra seg i det siste. Bedrifta er godkjent lærebedrift og har fleire lærlingar frå lokalmiljøet i arbeid. Vi håper dei vil etablere seg lokalt og bli her lenge, seier Øystein Ljøen.
HT Bygg Hellesylt går godt i dag og har ei god ordrebok, men ser alltid etter nye arbeid. – Vi er nok nøydde til å utvide «passaren» og sjå litt ut i «verda» etter nye arbeid. Sjølv om byggeoppdrag for eit par mann er gode arbeid blir det for smått for ei så pass stor bedrift med så mange tilsette, seier Geir Frøysa.