
Formannskapet i Stranda har gjort vedtak i tildeling av støtte frå kommunalt næringsfond. Ni søkjarar fekk støtte, vedtaket var samrøystes.
Ni søkjarar fekk støtte frå det Kommunale Næringsfondet i år, medan ti søkjarar fekk avslag. I Sunnylven går 80.000.- til Peer Gynt galleriet til vidareutvikling / marknadsføring, Reste kabel-TV fekk 65.000.- til etablering av sendestasjon, og Stiftinga Norsk villaksforeining 50.000.- til eit villaksprosjekt i Korsbrekkeelva.
Ny oppbevaringskum
Leiar i Korsbrekke elveeigarlag, Glenn Wernersen seier at pengane går til nye kummar for oppbevaring av stamlaks frå fanging til stryking. Med andre ord til forbetring av klekkeriet i Husøyna. I dag har elveeigarlaget ein glasfiberkum med usikker vasstilførsel like ved Steimsfossen. Det nye opplegget blir i betong.
Godt laksefiske
Glenn Wernersen fortel også om godt fiske i Korsbrekkeelva. Mykje fisk har gått opp og det blir landa store og små laks kvar dag. -No er elva minkande og vatnet klart så då spørs det om vi framleis greier å lure laks på kroken, seier formannen i elveeigarlaget.
Prosjektnamn / Søkjarar
Tindrande Eidsdal v/Ragnhild Døving 0.-
Nordic Escape v/ Carsten Torbergsen 40.000
Ny revolusjonerande nettbutikk og ide v/Heidi-Beate Henningsen 0.-
Innkjøp av grinder i samband med slakting av storfe v/Astrid F. Engeset 0.-
Lokale til smie, næringshagen i Stranda v/Magne Raknes 0.-
Bedriftsutvikling og verdiskaping for fleire aktørar lokalt v/Lars Thore Søvik 0.-
Komprimeringsutstyr v/Per Magne Wågsæter 0.-
Innkjøp av produksjonsutstyr v/ Siena Pizzeria og Grill AS 32.000.-
Vidareutvikling og marknadsføring av Peer Gynt galleriet v/ Dag Stadheim 80.000.-
Utvikling/prosjektering av spektakulært overnattingstilbod på Roalden
v/ Standa Panorama Hotel AS 85.000
Utvikling av slangeutleggar v/Engeset mekaniske verkstad AS 65.000.-
Utstyr til nyetablering (kalibreringsutstyr) v/ Automek AS 143.000.-
El-bil v/ Knut Hole 0.-
Produktutvikling v/ Slogen Mat AS 0.-
Visit Stranda v/Stranda booking AS 150.000.-
Kompetanseutvikling gjennom studiereise v/Byrg kompetanse AS 0.-
Villaksprosjekt, Korsbrekkeelva på Hellesylt v/Stiftinga Norsk Villaksforeining 50.000.-
Etablering av sendestasjon v/Reset Kabel-TV 65.000.-
Designvegen v/Sykkylven næringsutvikling AS (løyvd over ordinært budsjett) 0.-