LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2018

Toppkarakter for folkefest

Mange kom til Hellesylt under sommardagane i bygda. Bilar var parkert frå sentrum til Hellesylt stadion.

Den populære folkefesten på Sunnmøre, Hellesyltdagane er over. Det 31. arrangementet som var reisemålet for mange fyrste helg i juli vart på alle måtar vellukka.

Av Fredrik Stadheim.

Hellesyltdagane vart i år «snikra» i hop av ei ny, ung og uerfaren festivalnemnd, men kven skulle tru det. Dei gjorde jobben, årets arrangement vart av dei gode, flotte og trivelege, og det vart ei sommarhelg heilt på høgde med tidlegare år.

Vi trur det krev mot å ta på seg komitejobben for Hellesyltdagane. Arrangementet har bygt seg opp eit ry og forventningar som får mang til å seie nei. Men i dugnadsbygda brukar det meste å løyse seg. Unge, kunnskapsrike og kanskje litt ærekjære personar sa ja og med dei i planlegginga vart den tre dagar lange festen ein ny braksuksess. God gamal oppskrift var nok utgangspunktet også denne gongen, men alt skal likevel avtalast, hentast og riggast, og til slutt ryddast bort igjen.

Nye feiekostar kostar best heiter det. I alle fall kosta dei godt nok til at vi vågar å dele ut masse ros for arbeidet dei la ned i planlegging av arrangementet som enno ein gong gav bygda eit positivt omdømme. Alt var på plass, sjølv røminga og skaden på Store Kvakk vart ordna i god tid før Merete Løvoll Rønneberg erklærte Hellesyltdagane opna. Deretter losa ordrike og lite blyge Per Helge Frøysa programmet med flotte sceneinnslag trygt i hamn to dagar til endes.

Dei mange besøkjande gav lag og organisasjonar påfyll i lagskassene. Vi kjenner ikkje resultata, men både ungdomslag med delansvar i kyrkjekonsert og andeslepp, Sunnylven IL med grilling og Hellesyltløp, loppemarknad, grautsal, hjortegryte, lotteri og mykje, mykje anna vart besøkt av mange. Også utedansen med Rune Rudberg gjekk godt og roleg for seg. Ramazan er klar som arrangør også neste år, har han fortalt hellesylt.info.

Og veret spela på lag nok eit år. Sola kom og varma heile laurdag, men søndag drog det seg til med skyer. Då andesleppet skulle gå kom også regnet. Kanskje var det for å auke vasstanden i Dalaelva som var liten i år?

Kva meir enn godt ver, masse hyggelege folk og god stemning kan ei slik helg gje ei lita bygd. Jau, sjølvtillit, litt stoltheit og samhald for nye tak i lag, trur vi. Dugnadsbygda har levert nok eit år. La det halde fram slik også i framtida.

Unge lurblåsarar var å høyre både frå scena og frå taket på samfunnshuset før Hellesyltdagane 2018 fekk si offisielle opning. Frå høgre Lars Kvam Karbø, Kristin Ringdal, Hege Ringdal og Helge Kvam Karbø.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380