LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2018

Trubadur opnar fotoutstilling.

Trubadur Stig Ulv opnar fotoutstillinga til Rust Foto fredag kveld. Her frå konsert i Amfi Øvre Ljøen Fjellgård 2017.

Komande fredag startar Hellesyltdagane 2018. Alt fyrste kveld er det fleire store og små arrangement, mellom anna opnar utstillinga til Rust Foto med minikonsert.

Det er trubadur Stig Ulv som set stemninga når Rust Foto opnar foto og salsutstilling fredag kveld kl. 22.00.

-Det går nokre musikarar rundt i dette landet som fortener å bli lytta til av fleire enn dei med flatskjerm, har Dagbladet sin musikkanmeldar skrive. Stig Ulv frå Hovdebygda, med Ulvestad i dåpspapira, er ein av dei.

Stig Ulv har til no laga fem album, men stoppar nok ikkje der. Gitaren og musikken er livet, det forstod vi under konsert i amfiet på Øvre Ljøen Fjellgård i 2017. Der var han saman med gode vener, Kevin Steinmann, Mads With, og Egil Olsen som for øvrig blir å høyre igjen på Ljøen laurdag 14. juli.

Fotomotiv frå oktober

Stig Ulv kan du oppleve i utstillingslokalet i ungdomsklubben Verkstedet, bak daglegvarebutikken Joker fredag 6. juli. Her har Rust Foto si salsutstilling av foto.

Fotograf Eivind Louis Helset har gjeve utstillinga med tolv bilete i varierande storleik namnet «34 dagar i oktober», 31 av dei frå natur og lysskiftningar i oktober, og tre med motiv frå Hellesyltdagane 2017. Her kan du finne deg eit fint veggbilete til rimeleg pris. Ta turen innom til musikalske go`bitar og ein god handel. Utstillinga er opa både laurdag og søndag.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380