Notiser

Utførte vedlikehald på dugnad

DEt vart utført nødvendig vedlikehald på dugnad ved Sunnylven skule, mellom anna to strøk beis på ballbingen. (Alle foto: K. D. Langeland)

Foreldrerådets arbeidsutval ved Sunnylven skule har hatt dugnad og utført vedlikehald av installasjonar på uteområdet.

Det var godt frammøte begge dagane då FAU ved Sunnylven skule kalla saman til dugnad. På fleire ting og stader vart det utført vedlikehald, mellom anna på ballbingen. Der kom det på to strøk beis, for fyrste gong etter at ballbingen stod ferdig og opna av AaFK-spelar Peter Werni i 2005.

Det vart også sett opp nytt stativ for volleyballkorg og det skal kjøpast inn ei ny flyttar. Vidare vart det merka opp sykkelbane med rundkøyring på deler av asfaltområdet ved skulen, har vi fått oss fortalt. I Sunnylven er skulestart for neste år måndag 20. august.

Her blir det merka opp sykkelbane med ei rundkøyring ein stad i bakgrunnen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380