LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2018

Vann toppgevinsten i Andesleppet

Her er alle andekonkurrentene lasta opp for tur til Høge bru, overvaka av Store Kvakk og to større andebarn.

Jostein Hole frå Sunnylven stakk av med toppgevinsten på 10.000.- kroner i Det store andesleppet. And nr. 10 var den raskaste i år.

Prost Svein Runde stod for høgtideleg utdelinga av ti premiar i Det store andesleppet som avslutta Hellesyltdagane søndag. Og prosten huskar framleis namn på sine sognebarn frå tida som sokneprest i Sunnylven og Geiranger.

Det vart delt ut sju premiar på 1000.- kroner kvar. Desse gjekk til: Sara Røyr, Gunnar Sæter, Arne Grønnesøy, Karoline Granerud, Trym Hareide Hammersvoll, Malene Ljøen, Wenche Wollsæter.

3000.- kroner gjekk til Kornelia Marie Røyset

5.000.- kroner vann Lukas Huus

Toppgevinst og 10.000.- kroner; Jostein Hole, Sunnylven.

I Det store andesleppet vart det sett ny rekord i antall selde lodd. I 2017 stoppa salet på 2167, i år vart det ny rekord med 2225 selde andelodd.

Starten har gått for Det store andesleppet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380