VOLVO-BILAR TIL BARNEHAGEN

Ein del av borna i barnehagen studerer dei flotte modellbilane frå Volvo.

-Løyvingane til inventar og leiker er ikkje alt for store til den nystarta Sunnylven Barnehage, og vi har m.a. hatt behov for fleire leikebilar. Mest for moro skreiv difor borna i barnehagen brev til direktør Pehr G Gyllenhammer i Volvo med spørsmål om han kunne tenkje seg å gje oss nokre leikebilar. Volvoar stod nemleg øvst på ønskjelista mellom borna.

Det er styraren, Kari Hauso Stadheim som fortel dette. Ho har vore med og bygt opp barnehagen dette første halvåret, og er og tilsett som styrar for 1983/84. Hauso Stadheim fortel vidare: -Vi sende og med i brevet til Gyllenhammer teikningar som borna hadde laga. Men eigentleg hadde vi vel ikkje venta å få svar. Og spør om vi då vart både glade og overraska, då vi fekk brev attende frå Gyllenhammer sjølv.

I brevet takka han for dei fine teikningane og brevet. Han skriv og at han sender nokre lastebilar som han vonar borna får det triveleg med. – Vi sende brevet i april, fortel Hauso Stadheim, – og for nokre dagar sidan kom det så pakke til barnehagen. l pakken var det fem fine modellbilar, mellom dei ein tankbil og ein lastebil. Tre av bilane var i metall, dei to andre i plast. For borna var dette sjølvsagt stor stas, og bilane har fått heidersplassen i leikesamlinga. – Og sjølv syns eg og det var hyggeleg at  direktør Gyllenhammer hadde omtanke til å svare borna personleg på denne fine måten, seier Hauso Stadheim.

Denne artikkelen stod på trykk i Sunnylvingen nr.13, 24. juni 1983.

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info