World Base Race i gong

Martin Janssen har rigga til campingplass for fjellflygarane bakk låven. Inngjerdinga er delevis dekorert med premiane som skal delast ut.

World Base Race er i gong under Hellesyltdagane. I Loen er det gjort 40 kvalifiseringshopp i dag fredag, og laurdag startar finalehopping frå Helsetkopen i Sunnylvsbygda.

-Vi er i rute, seier Cato Nordbakk hos arrangøren av World Base Race. På telefon frå Sky-liften i Loen bekreftar han at det er gjort unna 40 kvalifiseringshopp til finalen i Helsetkopen. Den starta laurdag med to omgongar kl. 10.00 og 12.00, og deretter er det finalen kl. 14.00. Nesten 20 hopparar har delteke på kvalifisering i Loen, åtte av dei får hoppe finalerunden i morgon laurdag, seier Cato Nordbakk.

På Helset under Helsetkopen camperar 15 – 20 andre basehopparar. Etter å ha gått turen opp har dei gjort luftige svev kvar dag denne veke frå den 1246 meter høge Helsetkopen. Også i dag gjorde alle sine flygeturar utan uhell, og stemninga i campingleiren er topp.

Vertskapet Margreta og Martin Janssen har lagt mykje godt til rette for gjestane som kjem frå mange land. Mellom anna er det bygt ut og teke i bruk eit nytt sanitæranlegg med toalett, dusj og moglegheiter for vask av klede.

Og premiane til dei beste under World Base Race er klare. I år som tidlegare har Martin laga flotte premiar i varierande design. Alt er i rute, også vermeldingane er gode for den veravhengige ekstremsporten.

Stemninga i World Base Race-leiren er på topp. Her er Martin saman med nokre som «flaug» frå Helsetkopen fredag.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380