Cruisebåt nummer hundre til kai

Mannskap på cruisekaia på Hellesylt tok mot båt nummer hundre denne sesongen. Frå venstre Bente Bonsaksen, Ole Hjalmar Bonsaksen, Frank Ole Bonsaksen, Asbjørn Kvam Karbø, Ivar Sakkarias Sæter.

Torsdag 31. august vart ein merkedag for Hellesylt cruisekai. Då la AIDAsol til kai som cruisebåt nummer hundre i ein og same sesong.

Jubileumsbåten AIDAsol var i rute til Hellesylt. At båten var nummer hundre som la til ved cruisekaia i ein og same sesong ville kaimannskapet marker litt. Markeringa vart av det beskjedne slaget med kaffi, sjokolade, alkoholfrie bobler, og ei flott og varm gåve til båten.

Store og folkerike

AIDAsol er 252 meter lang og hadde 2200 passasjerar om bord, så båten er ikkje av dei største. Det har lagt til kai både mindre og større båtar, fortel Bente Bonsaksen som var på kaia saman med fire andre torsdag. Største i år i tonnasje har vore MSC Meraviglia som hadde 5714 passasjerar om bord. MSC Preziosa med sine 333.3 meter er den største i lengde og med 4345 passasjerar, fem meter kortare enn Independence of the Seas og som hadde 30 passasjerar meir i følgje cruiselista. MSC Preziosa har lagt til ved Hellesylt kai seks gonger i løpet av 2018-sesongen.

Ikkje uhell

Torsdag kunne altså mannskapet på cruisekaia markere at dei hadde fortøya eit tresifra antall cruisebåtar denne sesongen. Det meste frå tidlegare var i fjor med 99 båtar. Då vart fem anløp kansellert grunna verforhold langs kysten, fortel Bente Bonsaksen.

Både store og små båtar har lagt til kaia utan uhell av noko slag, fortel Bente. Etter seks sesongar, frå 2013 er ho av dei med mest erfaring på kaia. Hellesylt cruisekai under opning 17. mai 2012. Torsdag hadde ho med ei lita gåve, eit saueskinn frå eigen gard og som ho har bearbeida sjølv med inskripsjon. Alle på kaia hadde fått invitasjon til å kome på brua på båten. Der skulle gåva overrekkast som ei markering av at AIDAsol var båt nummer hundre til kai denne sesongen.

Jubileumsmarkeringa mellom kaimannskapet var av det beskjedne slaget. Det skuldast ikkje dårleg økonomi i Stranda Hamnevesen KF, men det skulle smelle frå eit par flasker akoholfri sjampanje, det var det heile i tillegg til kaffi og sjokolade.

Sesongen ikkje slutt

AIDAsol var i rute og klappa flott og forsiktig til kai klokka 07.30 for å setje i land turistar til «over land» -tur.

Framleis er det ni båtar på cruiselista før sesongen 2018 er over, den siste båten er AIDA Abella som kjem 25. oktober. Då blir det nokre månader opphald før nye cruisebåtar kjem fyrst i mai neste år. Og 2019-sesongen blir enno større enn årets. Til no har 142 båtar meldt sin ankomst til Hellesylt og 215 til Geiranger.

AIDA sol til kai på Hellesylt torsdag 31. august.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380