Fekk oppdraget med skulebygg

Prosjektleiar for Hornindal skule, Tarjei Korsbrekke til høgre, og dagleg leiar HT Bygg Hellesylt, Øystein Ljøen, her med planteikninga over den nye skulen.

HT Bygg Hellesylt fekk tildelt prosjektet med bygging av ny skule i Hornindal. Nybygget på 1100 kv.m. skal stå ferdig til skulestart 2019.

Ved Hornindal skule blir no eitt av dei gamle bygga rive og nytt skulebygg skal byggjast saman med Honndalshallen. Etter planen er byggestart 5. september, fortel prosjektleiar Tarjei Korsbrekke. Det blir jobba på spreng med prosjektering, og for å få alt på plass har HT Bygg leigd inn hjelp utanfrå. Hornindal skule skal byggjast i massivt tre, store samanlima flater av tre og isolerast med spesiell trespon/ull. Dette er materiale og konstruksjon HT Bygg har erfaring med frå tidlegare, mellom anna frå tilbygg til Norsk Fjordsenter i Geiranger, fortel Tarjei Korsbrekke.

Etter anbodsrunden var det Hellesylt-firmaet som sikra seg hovudentreprisa på 27.9 mill. kroner, eit bygg i to høgder på totalt 1100 kvadratmeter.  Dagleg leiar i HT Bygg, Øystein Ljøen seier at tilbygget til Hornindal skule er det største oppdraget så langt til byggfirmaet som i fjor feira 25 år. Med andre ord eit firma med lang og solid kompetanse innan byggebransjen. HT Bygg har blitt ein betydeleg aktør både på Sunnmøre og i deler av Nordfjord som Ljøen kallar nærområde.

Firmaet sitt siste store byggeoppdraget var overlevering av ny sykiatrisk avdeling på Eid i juni. At dei no fekk tilslaget på skulebygg i Hornindal er dagleg leiar svært nøgd med. I vår og sommar registrerte han ein stagnasjon i byggeoppdrag, men no har trenden snudd. I tillegg til prosjektet i Hornindal er fleire bolighus også kome i ordreboka, fortel han.

-Vi må nok utvide arbeidsstokken, seier Øystein Ljøen som til dagleg har 20 – 25 tilsette i firmaet. Hornindal skule skal stå ferdig til bruk til skulestart 2019 / 2020.

Bygget med gul fasade, slik kjem nye Hornindal skule til å sjå ut.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380