LokalnyttLokalsport

Fekk oppleve Norway Cup-turneringa

Desse jentene frå Sunnylven IL skora mange mål under Norway Cup, frå høgre Natalie Trøen Frøysa, Bertine Lade, Sara Sæther. (Foto: Arild Ringdal)

Tre jenter frå Sunnylven Fotball fekk seg tur til Norway Cup i år. Dei spela på naboklubben Stranda IL sitt J-16 lag.

Saman med jenter frå Stranda IL J-16 vart det fleire kampar i verdas største fotballturnering for Natalie Trøen Frøysa, Bertine Lade og Sara Sæther. Alle dei tre gjorde gode kampar for laget og donka inn fleire mål.

Laget kom heilt til 1/8-finalen mot romsdalslaget Bud IL, men då var «eventyret» slutt for denne gong etter tap 2-6.

Her er resultat frå alle kampane til laget under Norway Cup:

Lesja IL Dombås – Stranda / Sunnylven 3-1

Hyllestad Lavik – Stranda / Sunnylven 2-15

Stranda / Sunnylven – Varegg Fotball 5-1

1/16 finale: Stranda / Sunnylven – Ekholt BK 1-0

1/8 finale: Stranda / Sunnylven – Bud IL 2-6

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380