Finale i Toyotacup

Både Isak Elias og Ørjan kom begge på andre plass i sine klasser i Toyotacup. (Foto: Ola Vangen)

Brørne Isak Elias og Ørjan Frøysadal Hauge, Sunnylven skyttarlag kom begge på andre plass i sine klasser i Toyotacup søndag. Eidsbygda skyttarlag var arrangør av finalen på Tua skytebane.

Ørjan Frøysadal Hauge kapra 2. plass i klasse rekrutt med 342 poeng. Isak Frøysadal Hauge deltok i eldre rekrutt og skaut 349 poeng. Det heldt til 2. plass i klassa. Han var totalt ein av tre på same poengsum, men hadde flest innertiarar og sikra sølvplassen med det, melder Ola Vangen.

Også Kristian Andre Frøysadal Hauge var kvalifisert til finalerunden, men er no reist til Kongsvinger for å starte på vidaregåande skule Norges toppidrettsgymnas (NTG) og skytelinja der.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380