Fire innertiarar frå gullet

SKARPSKYTTAR: Isak Frøysadal Hauge. (Foto: Rune Tryggestad)

Onsdag vart ein ny toppdag for unge Isak Frøysadal Hauge på Landsskyttarstemnet. Det vart fullt hus, men fire innertiarar frå gullet.

På Landsskyttarstemne: Rune Tryggestad

I finalen eldre rekrutt kom Isak Frøysadal Hauge, Sunnylven skyttarlag på ein flott 17. plass. Men det er små marginar som skil dei beste frå pallen til ei plassering lenger bak. Som gullvinnar Sara Kristine Håvik Johansen frå Fiskum skaut også Isak Frøysadal Hauge til 100 poeng i finalen og 350 totalt. Gullvinnaren hadde derimot 9 sentrumstiarar mot sunnylvsskyttaren sine fem. På andre plass kom Martin Nykrem, Sykkylven med 350 totalt og 8 sentrumstiarar i finaleskytinga.

Isak Frøysadal Hauge sikra seg Ungdomsmedalja for den flotte prestasjonen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380