Held informasjonsmøte om fôrkrisa
Lite nedbør i sommar har ført til reduserte fôravlingar i jordbruket. Mange står i fare for å måtte slakte av husdyra.
Tørken i sommar har ført til reduserte avlingar og krise for fleire husdyrbrukarar. Spesielt austlandet har blitt hardt råka, men også andre stader er det sterk reduksjon i grasavlingane. Også kornbønder er råka og då blir det lite halm å få kjøpt som erstatningsfôr.
I Sunnylven fekk fleire bønder redusert avling ved fyrste slått. Andre-slåtten vart meir normal for dei fleste og retta opp noko av reduksjonen frå fyrste-slåtten, seier leiar i Sunnylven Bondelag Peder Hellebostad. No gjødslar fleire bønder for ein tredje slått, seier han.
Informasjonsmøte
Den uvanlege fôrsituasjonen for husdyrbrukarar gjer at det blir halde eit informasjonsmøte med organisasjonar i landbruket.
Møtet vert på Storfjord kulturhus tysdag 11. september kl. 13.00 – 16.00
Tema blir: Korleis løyser vi fôrsituasjonen i eit kriseår?
Program:
1300-1315: Velkomst
1315-1340: Lite grovfôr –Hva kan gjøres?
v/rådgjevar, storfe Tonje Mari Iversen Heggertveit, Nortura
1340-1420: Melkeproduksjon med lite grovfôr –tilpasninger i fôringsvei for melkekyr og ungdyr
v/fagrådgjevar Bozena Farstad, Tine
1420-1450: Lite grovfôr –kva gjer vi?
v/sals-og fagkonsulent drøvtyggjar, Bastian Weiberg Aurdal, Felleskjøpet
1450 -1500: Pause med enkel servering
1500-1530: Bruk av haustbeite/Førebyggjande tiltak (vatningsanlegg) /Eiga helse (HMS)
v/avdelingsleiar, rådgjeving Jon Geirmund Lied, Landbruk Nordvest
1530-1600: Støtteordningar ved avlingssvikt
v/næringssjef Inge Bjørdal