
Tale Maria Krohn Engvik, kjend som «Helsesista», fekk Tabuprisen 2018 for innsatsen for å bryte ned fordommar og auke kunnskap om psykisk helse i samfunnet.
- Skrevet av (NPK) NPK-NTB
Heders- og æresprisen blir delt ut av Rådet for psykisk helse. Dei meiner Engvik har brote tabu både i måten ho jobbar og kommuniserer på, ved å no ut til ungdommar gjennom ein til no utradisjonell kanal for helsetenestene.
– Tale er tøff, tydeleg og snakkar frå hjartet. Som helsesøster og fagperson er ho svært utradisjonell i sin omgangsform og val av kanalar, noko vi ser på som ei positiv utfordring til helsesøsterrolla. Vi synest det ho gjer, er viktig og grensesprengjande, seier generalsekretær Tove Gundersen i Rådet for psykisk helse.
Som helsesøster i Oslo opplevde Engvik at ho ikkje strakk til, eller nådde ut til alle som trong oppfølging, og starta dermed snapchat-kontoen «Helsesista». Her gir ho blant anna råd og svarer på spørsmål til sine mange titusen følgarar.
– Unge menneske trenger gode vaksne som tør å by på seg sjølv, bruke humor og vere opne om ting som er vanskelege. Desse vaksne må vere tilgjengelege, dei må vere der dei unge er. Derfor er det så viktig med ein «Helsesista», ei digital helsesøster eller -bror, som også er eit ekte menneske, seier Gundersen.
Var på Sunnylven skule
Tale Maria Krohn Engvik besøkte elevar ved Sunnylven skule 25. april i år. Møtet mellom ungdomen og «skuletimen» vart mykje lenger enn planlagt, dei hadde tydeleg vis mykje å snakke om. Også hellesylt.info fekk ein kort prat med «Helsesista». Reportasjen frå Tale sitt besøk på Sunnylven skule kan du lese her; https://www.hellesylt.info/2018/04/helsesista-besokte-sunnylven-skule/