Lokalnytt

Imponerande nybygg til Ole Ringdal AS

Landbruk -og matminister Jon Georg Dale stod for snorklipping i inngangen til nybygget ved Ole Ringdal AS. Frå venstre adm.dir. Kristen Ringdal, Jon Georg Dale, dagleg leder Ole A. Ringdal og ordførar Jan Ove Tryggestad.

Landbruk –og matminister Jon Georg Dale (Frp) besøkte kjøttvarebedrifta Ole Ringdal AS fredag. Der fekk han omvising og æra av å opne nybygget til 50 mill. kroner.

Fleire i leiande posisjonar innan landbruk, mellom dei landbruks –og matminister Jon Georg Dale besøkte kjøttvarebedrifta Ole Ringdal AS på Hellesylt fredag. Her fekk følgjet både sjå og smake på produkt av topp kvalitet, og det vart omvising på heile anlegget. Ikkje minst imponerande var det å sjå nybygget på 2054 kvadratmeter som så vidt er teke i bruk. Her har bedrifta i tillegg til tekniske rom fått store klimarom, kjølelager og fryseri.

Presenterte bedrifta

Jon Georg Dale var den andre landbruksministeren som har besøkt Ole Ringdal AS. Med på besøket fredag var også fylkeslandbrukssjef Frank Madsøy, pressekontakt Ottar Løvik, Bjørn-Ole Juuel Hagen frå Kjøtt og fjørfebransjens Landsforbund, ordførar Jan Ove Tryggestad og næringssjef Inge Bjørdal frå Stranda kommune.

Det var dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal som ønska vel møtt. –Vi er glade og alltid opne for besøk av andre bedrifter, skuleklasser eller kven det måtte vere, sa Ringdal. Etter å ha vist ein flott reklamefilm med opptak frå Sunnylven, bedrifta, produksjonen og produkt, kom han med ein del faktaopplysingar om bedrifta.

Julemat er alt på plass i eitt av dei nye klimaromma.

Nybygg til 50 million

Det heile starta av bestefar, Ole Arthur Ringdal i 1938. Han reiste rundt og kjøpte og betalte dyr etter mål. – Om handelen gav pengar var usikkert, men truleg tente han litt, elles hadde vi ikkje vore her i dag, sa Ole Arnstein Ringdal. Etter at bedrifta flytta ut frå området ved Hellesyltfossen har det blitt mange utvidingar. No stod den 17 utvidinga med eit areal på 2.054 kvadratmeter og til ein kostnad av 50 mill. kroner klar. Sjølv om det var store kostnader skulle det gå bra, trudde Ringdal. –Vi har hatt som prinsipp at vi ikkje skal investere meir enn vi tener.

Frå før hadde Ole Ringdal AS eit produksjonsareal på 6.200 kvadratmeter og årleg blir det slakta 25000 dyr av sau, lam, storfe, geit og kje. Hjørnesteinsbedrifta har 60 fast tilsette og omsetninga i fjor var på 142 mill. kroner.

Her frå produksjonshallen ved Ole Ringdal AS.

Ønskjer seg meir slaktedyr

Ole Arnstein Ringdal var ein dyktig guide for besøket, og med rette litt stolt over å kunne vise fram det nye bygget, trur vi. Det var imponerande, utruleg flott, stort, ljost og funksjonelt etter det vi kunne sjå. Noko av det var alt teke i bru, så no slepp bedrifta å leige fryseplass hos andre, ein årleg kostnad på ein mill. kroner, sa Ringdal. Det er eit anlegg for framtida, med kapasitet for større tilførsler av slaktedyr og kjøtt enn i dag. Ole A. Ringdal håpa at fleire bønder kunne bli leverandørar og få glede av overprisar bedrifta tilbyr med opp til 150 kroner meir per lam enn konkurrentar.

Imponert minister

Opning av nybygget med snorklipping var planlagt til seinare i haust, men fordi landbruk –og matminister Jon Georg Dale var på besøk vart dette framskunda. Med ein godt kvest slaktarkniv vart silkesnora i nasjonalfargar kutta i påsyn av alle tilsette og av gjestane. Frå Stranda kommune overrekte ordførar Tryggestad blomar og ønska alt godt for bedrifta og dei tilsette.

Sjølv om snorklippinga skjedde fredag blir den store opningsfesten av nybygget seinare i haust med både entreprenørar og ansatte til stades, det bekrefta Ole A. Ringdal.

Jon Georg Dale, kjøttskjeraren, no landbruksminister var begeistra for det han fekk sjå og høyre. Til hellesylt.info sa han dette heilt til slutt; -Veldig imponerande og ei fantastisk flott bedrift etter utvidinga som gjer at det har blitt god logistikk gjennom heile produksjonen. Og ikkje minst, veldig flott at det blir satsa for det sikrar arbeidsplassane.

Landbruksminister Jon Georg Dale har kutta silkesnora. Nybygget er offisielt opna.
Dei fleste tilsette tok pause i arbeidet og overvar opninga.
Den tidlegare kjøttskjeraren inspiserte årets lam og kunne konstatere god kvalitet.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380