Norwaycup-eventyret over for jentene.

Jentene frå Stranda/Sunnylven slo fyrst ut Ekholt BK i 1/16-finalen tidlegare i dag. Kampen enda 1-0 etter scoring av Sara Sæther.
Dermed var det klart for 1/8 finale for jentene. Denne gjekk mot Bud IL. Romsdalingane viste seg som eit raskt og teknisk lag og vann 6-2. Dermed er eventyret over for Stranda/Sunnylven sitt 16-årslag for denne gong. Rapportane frå Oslo seier at jentene har gjort ein kjempeinnsats og spela svært godt i lag. Dei har halde dei tilreisane supportarane med både spenning og underhaldning.