På pallen i Hornindal maraton

Elisabeth Hauge var einaste deltakar frå Sunnylven IL i Hornindal maraton. Her frå årets Hellesyltløp (med startnr. 4)

Elisabeth Hauge, Sunnylven IL fullførte Hornindal halvmaraton på gode 2.08.52. Det heldt til tredjeplass i K 17 – 34.

Hornindal maraton vart arrangert i steikjande varme laurdag 28. juli. Vinnar og beste tid på halvmaraton i kvinneklassa fekk Malene Njaastad, Gular IL, 1.37.42. Men 15 år gamle Live Sollid frå arrangørklubben Hornindal IL imponerte kanskje aller mest. Ho kom i mål til andreplass og 1.41.24 i det vel 20.0 km. lange løpet.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380