Lokalnytt

Skapte smoothie av bær

Desse elevane frå Hellesylt er med i den nye nasjonale læreboka i entreprenørskap og bedriftsutvikling. Frå venstre Veronica Øksvang, Johanne Tryggestad, Madelen Frøysadal Hauge, Olene Lade.

Elevar frå Hellesylt som var med i den tverrfaglege ungdomsbedrifta ZUP UB ved Stranda vidaregåande skule er med i ei ny nasjonal lærebok i Entreprenørskar og bedriftsutvikling.

Foto: Ole Bjørn Hjellegjerde

Veronica Øksvang, Johanne Tryggestad, Madelen S. Frøysadal Hauge og Olene Lade er alle frå Hellesylt. I tre år gjekk dei ved Stranda vidaregåande skule der dei kom med i den tverrfaglege ungdomsbedrifta ZUP UB ved skulen.

I 2017 ønska denne ungdomsbedrifta å skape eit nytt kvalitetsprodukt der frosne bær frå Valldal Grønt vart nytta i produksjonen. Produktinnovasjonen blei smoothie av jordbær og bringebør med kolsyre, tappa på egendesigna 530 ml. glasflasker som dei fekk importert frå Kina.

Smoothie med kolsyre hadde ingen sett før i norske butikkar. Tre ulike variantar av smoothie vart godkjent av Mattilsynet og selt inn til daglegvarebutikkar i nærområdet, med ein butikkpris på 49 kr. Fasiten for ungdomsbedrifta blei at det vart selt nesten 700 flasker på fire månader, og Topp 6-plassering i gastronomikategorien under NM for ungdomsbedrifter.

No er den spanande nyskapinga frå ungdomsbedrifta ved Stranda vidaregåande skule kome med i ei ny nasjonal lærebok, «Vekst, Entreprenørskap og bedriftsutvikling 2».

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380