LokalnyttLokalsport

Skarpskyttarane heim frå Stjørdal

Tre seniordeltakarar frå Sunnylven skyttarlag. Frå venstre Dag Andre Hauge, Ivar Fivelstad, Ola Vangen. (Alle foto: Rune Tryggestad)

Landsskyttarstemnet 2018 er over og skarpskyttarar frå heile landet har reist heim frå Stjørdal. Og deltakarar frå Sunnylven skyttarlag hadde eit flott stemne, slår leiar Ola Vangen fast.

Leiar i Sunnylven skyttarlag Ola Vangen var sjølv deltakar på Landsskyttarstemnet. Han er imponert over mange sterke prestasjonar med mange spanande finalar på høgt nasjonalt nivå, seier han. Han siktar nok til unge deltakarar med etternamnet Hauge. Der er talent og framtidige vinnaremne om dei beheld interessa og motivasjonen for trening. NM-vinnar i skogsløpet, Kristian André Frøysadal Hauge, Isak Elias og tredje bror Ørjan gjorde alle konkurransar som blir lagt merke til.

Også far til dei tre, Dag Andre Hauge med 6. plass i feltfinalen, Trygve Aaland Tryggestad sølv i skogsløpet og fleire andre gode resultat sette Sunnylven skyttarlag «på kartet» i Stjørdal.

Alt no ser Ola Vangen fram til neste års Landskyttarstemne. -Eg håper vi blir like mange om ikkje enno fleire som reiser til Evje og håper sjølvsagt at vi gjer det godt også då.

Årets skyttarkongen kom frå Lom og Skjåk skyttarlag i år, ein kjenning på Hellesylt. I januar 2017 vann Tor Gaute Jøingsli eit ope miniatyrstemne med Sunnylven skyttarlag som arrangør. I år vart han skyttarkonge.

Sunnylvsskyttarane avsluttar sesongen med Toyotacup på Nordfjordeid og finale for dei som er kvalifisert der. Vidare blir det samlagsmeisterskap i Hyttehola søndag 19. august med deltaking av dei fleste sunnmørsskyttarane, opplyser Ola Vangen.

Årets skyttarkonge, Tor Gaute Jøingsli

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380