Starta haustsesongen med sigrar

Sunnylven G13 vann 9-2 mot Aksla på bortebane onsdag. (Foto: Rita Rudning Røyrhus)

Fotballen rullar igjen etter sommarpausen, og lag frå Sunnylven har starta haudstsesongen godt.

Sunnylven G13 møtte Aksla på bortebane onsdag 22. august. På Ratvik-bana leverte gutane ein kjempekamp og vann 9-2. Det ser ut som laget held fram som i vårsesongen med godt spel. Då vart det 3. plass av åtte lag. No er det 10 lag med i G13 9-er avd. 2 Haust. Berre Sunnylven og Aksla har kniva om poeng så langt så Sunnylven toppar tabellen etter storsigeren.

Også J14 7-er sikra alle poenga på heimebane dagen før då dei vann 3-2 over Vigra.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380