Sterk skyting på Landsskyttarstemnet

Leiar i Sunnylven skyttarlag, Ola Vangen rapporterer om svært god skyting av laget sine deltakarar under fyrste dag av Landsskyttarstemnet i Stjørdal som blir arrangert frå 3. til 10. august.
-Skyttarane våra markerar seg sterkt her i Stjørdal, på høgt nasjonalt nivå. Alle skyttarane har vore igjennom ei av skytingane sine og vi kan melde om desse sterke resultata etter innleiande runde:
Baneskyting:
Isak Elias Frøysadal Hauge med fullt hus og 250 poeng. Han er klar for finale og ligg på skive 38 i finalen.
Feltskyting:
Ørjan Frøysadal Hauge 28 treff av 30 mulige. Dette vart 88. plass av totalt 314 deltakarar i klassa si. Kristian André Frøysadal Hauge 30 treff og fullt hus. Han er klar til finale og ligg på skive 30 i finalen. Kjell Oddvar Frøysa 27 treff av 30 mulige. Ivar Fivelstad og Ola Vangen 28 treff av 30 mulige. Dag André Hauge og Trygve Aaland Tryggestad med fullt hus 30 treff av 30 mulige og er også klar for NM feltfinale!
Under finalane er alt av innertreff eller innertiarar strøkne, så alle med heile tal startar likt. Så sjølv om det høyrast ut som dei ligg eit stykke bak i finalelaga så stiller dei altså like sterkt som skyttaren som ligg på skive 1.
Veldig sterk skyting av alle skytterane frå Sunnylven skyttarlag. Og det er von om meir storskyting vidare under meisterskapet. Isak Elias har igjen innleiande feltskyting mens resten har baneskytinga igjen.
Samlagsskyting
Måndag kveld frå kl. 17.30 skal ungdommane skyte si samlagsskyting der Isak Elias er ein av dei fire som får lov å representere Sunnmøre i den lagskytinga. Torsdags frå kl. 12.00 skal seniorane skyte si samlagsskyting og Trygve og Ivar er to av dei fire som får representere Sunnmøre i senorane si lagskyting.
Skogsløp
Fleire av skytterane skal også delta i NM Skogsløp, alle i kvar si klasse. Trygve og Kristian startar i tetgruppa mens Ørjan har 1 minutt tilleggstid og Ola har 2 minutt tilleggstid. Isak har ikkje skote felt enda så utgangspunktet hans er ikkje klart enda. Løpet er torsdags kveld frå kl 19.00